Vestlandsintervjuet: Lene Trude Solheim

3 mars, 2022 | Nyhende

- Vi har eit stort potensiale i å kunne sjå saker på tvers og i større samanhengar. Silo-tenkinga som ofte oppstår i politikken er ikkje det som tener samfunnet best.

– Vi har eit stort potensiale i å kunne sjå saker på tvers og i større samanhengar. Silo-tenkinga som ofte oppstår i politikken er ikkje det som tener samfunnet best, meiner Lene Trude Solheim.

Lene Trude Solheim

Lene Trude Solheim er administrerande direktør i Næringsforeningen Ålesundsregionen. I tillegg er ho dagleg leiar i Hareid Fastlandssamband AS (HAFAST), som er eit regionalt samfunns- og utviklingsprosjekt som skal knytte saman den mest folketette regionen i Møre og Romsdal. 

Ho har lang fartstid frå den maritime næringa og har arbeida i over 20 år i Rolls Royce, Commercial Marine (No Kongsberg-gruppen) og Ulstein Group. Ho sit difor på svært mykje kunnskap om ei av dei fremste næringane på Vestlandet. 

– Det er ikkje Oslo som er mest sentralt for kystnæringane og dei maritime næringane. Det er dei små og store aktørar langs kysten, samspelet mellom dei, og ikkje minst det globale marknaden som er viktigast.

Om Vestlandet skal vera ein kraftfull region må vi auke mobiliteten 
– Eg hadde gleda av å jobbe med Idar Ulstein i mange år. Han sa at om du skal bygge bedrift så må du bygge samfunn, og skal du bygge samfunn så må du bygge samferdsel.

I vår prat er det tydeleg at ho har klare tankar om ei rekkje felt. Ikkje minst er ho som leiar av Næringsforeningen oppteken av infrastruktur og mobilitet. Ho peikar på dette som heilt avgjerande for at Vestlandet skal kunne vera ein konkurransekraftig region framover. 

– Vi har store moglegheiter dersom vi klarer å betre kommunikasjon og mobiliteten i vår region. Vi må korte ned avstandane slik at vi kan auke rekkevidda og redusere reisetida. Og vi må fjerne flaskehalsar som hindrar mobilitet. Bru, båt, ferje, sykkel – det spelar ingen rolle. Vi må få det til.

03.03 Nettside headerbilder 2

Bru, båt, ferje, sykkel – det spelar ingen rolle. Vi må få det til.

Silo-tenkinga som ofte oppstår i politikken er ikkje det som tener samfunnet best.


I vår prat trekk ho fram lokale dømer frå Ålesundsregionen for å illustrere sine poeng knytt til dei mobilitetsutfordringane ein står i. Det handlar om prisen ein må betale for pendling, og det handlar om behov for samhandling mellom ulike forvaltningsnivå. 

– Vi må i større grad tenke heilskapleg når vi jobbar med mobilitet. Dei siste åra har vi hatt stort fokus på lågare ferjeprisar, medan hurtigbåtane er svært kostbare. Det fører til at mange då heller vel bilen, noko som igjen fører til fleire bilar på vegane – også i rush-traffikken. Hurtigbåtane burde sjølvsagt over på batteri, og dei skulle «nesten vore gratis» om du droppa bilen og unngår å belaste vegnettet.

Ho trekk fram at manglande mobilitet er ei stor utfordring for å sikre seg den rette kompetansen som næringslivet i regionen har eit skrikande behov for. I- I rapporten «Det handler om Norge» (NOU 2020:15) leia av Victor Norman, beskriv ein fleire sentrale demografiutfordringar og konsekvensar for distrikta. Eit av poenga som kjem fram er problemstilling med ‘innelåsing’ av arbeidskraft og god jobb-match. På heile Vestlandet har vi mobilitetshinder, enten kostbare ferje eller lange reisevegar. Problemet kan bli at personar som er til dømes 70% kvalifisert for ein jobb i staden for 90%, blir verande i arbeidet for å unngå pendling.

Solheim peikar på dette so ei stor utfordring for Vestlandet som region, og seier det difor er naudsynt å arbeide for å få mest mogleg midlar til infrastruktur – som til dømes Intercity og andre store prosjekt på Austlandet. I den anledning er ho også oppteken av at ein her i regionen må slutte og krige med kvarandre, og dermed risikerer å stå igjen som taparar alle saman. 

– Eg meiner vi må jobbe vidare med realiseringa av ferjefri E39. Det er eit svært viktig prosjekt for heile Vestlandet, som igjen vil føre til auka verdiskaping for by og land. Kortare reisetid og effektiv kommunikasjon mellom til dømes Bergen og Sunnmøre bety svært mykje for næringslivet i regionen.

Vi må kjenne kvarandre og ha dei gode møteplassane  
Det siste året har det vore gjort eit arbeid med å få på plass ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka i regi av Vestlandsrådet, eit arbeid som Initiativ Vest har vore med på

– Intensjonen bak dette arbeidet er godt og eg meiner det er viktig at vi samlar oss om felles saker og initiativ for Vestlandet! Skal vi utvikle dette samarbeidet må vi kjenne kvarandre, og vi må ha gode møteplassar. Arbeidet med ein næringstrategi er viktig, men suksessen ligg i om vi klarer å få til handlingar og aktivitetar basert på dette arbeidet.

Ho peikar vidare på at kommunar og fylkeskommunar kan spele ei viktig rolle i å leggja til rette for ting, men at det er avgjerande at private initiativ er kopla på når ting skal gjennomførast. 

Vekstnæringane og potensialet i regionen
Solheim meiner det finnes store moglegheiter innanfor ei rekkje næringar langs kysten og ho trekker spesielt fram havbruksnæringane.  

-Havet har vore og vil framleis vere ei viktig kjelde til vekst for heile kysten. Vi må satse videre på dei havnæringane der vi allereie er sterke og samtidig stimulere til forsking, innovasjon og teknologiutvikling for å utvikle nye. Denne satsinga på havnæringane vil bli avgjerande for å oppretthalde og utvikle sterke lokalsamfunn og regionar. 



Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This