Vestlandsintervjuet: Tore Gautesen

7 september, 2022 | Nyhende

Foto: Illustrasjon / Øyvind Sætre – Kvar skal eg byrja? Her har eg mykje på hjarta, det seier Tore Gautesen som er hamnesjef i Karmsund Havn innleiingsvis når vi spør han om kva tankar han har om den regionale utviklinga på Vestlandet.  Tore Gautesen er hamnedirektør i Karmsund Havn, og i tillegg har han ei rekkje […]

Foto: Illustrasjon / Øyvind Sætre

– Kvar skal eg byrja? Her har eg mykje på hjarta, det seier Tore Gautesen som er hamnesjef i Karmsund Havn innleiingsvis når vi spør han om kva tankar han har om den regionale utviklinga på Vestlandet. 

Tore Gautesen er hamnedirektør i Karmsund Havn, og i tillegg har han ei rekkje andre verv og rollar på Haugalandet. Med anna er han i kraft av å vera hamnesjef også involvert i drift av flyplassen (hamna er majoritetseigar i driftsselskapet som drifter lufthamna). Det gjer han til ein sentral person i utviklinga som skjer på Haugalandet, og han har markert seg som ei av røystene som er tydeleg oppteken av Vestlandet som region. 

– I tillegg til alt anna som skjer i regionen så er dette også ei fantastisk tid for Haugesund som skipsby, med kring 330 skip kontrollert av selskap med hovudkontor i denne regionen. Enno meir spanande er det at vi no har eit «all time high» byggjeprogram på over 70 milliardar. Den maritime næringa i byen, når ein held olje- og gass utanom, omset for kring 1 milliard i veka. Det er jo eit godt utgangspunkt når ein skal drive og utvikle hamn. 


«Om Vestlandet lukkast, vil Noreg lukkast»

– Det er lett å trekke fram det som fleire har sagt, at om Vestlandet lukkast så vil Noreg lukkast. 

Gautesen er oppteken av at det sjølvsagt er viktig for Vestlandet som region å lukkast, men at det er endå viktigare for Noreg som nasjon at Vestlandet lukkast. Han meiner det er viktig at det vert lagt vekt på dette framover når vi som nasjon vil måtte gjere tøffe prioriteringar. 

Image

– Når vi veit kva enorme utfordringar vi står ovanfor er eg redd vi ser oss litt blinde på rekordstore energiinntekter og den situasjonen vi står i no. Framover vil det heilt klart bli tøffare prioriteringar, med ei aldrande befolkning og store utgifter til velferdsstaten, og då må vi prioritere dei prosjekta som tener landet best. 

Foto: Øyvind Sætre

Han peikar med anna på sentrale samferdsleprosjekt, som Hordfast og Rogfast, som han meiner er heilt avgjerande for å sy heile Vestlandet tettare saman og dermed gjere regionen betre rusta til å lukkast. I debattane som vil kome framover, når vi veit at kampen om midlane vil verta tøffare enn nokon gong, er det etter Gautesen sitt syn viktigare enn nokon gong at vestlendingane greier å samle seg. 

– Ser vi historisk på dette, så eg trur eg vi kan slå fast at me her på Vestlandet ikkje har greidd å «gå nok i takt». Det vert med anna tydeleg når ein ser på samferdsleprosjekt, der ein stort sett alltid skal presentere og drøfte ei lang rekke med ulike trasear.  

I tillegg til samferdsleprosjekta er Gautesen, som mange andre, oppteken av annan type infrastruktur. Nemleg infrastruktur som sikrar straum til alle dei nye grøne og energiintensive arbeidsplassane som er under utvikling. 

– I vår regionen er det ein ting som tronar heilt øvst og som det er kritisk viktig å på plass: tilgangen på energi og det å få på plass den nye 420kv linja mellom Blåfalli og Gismarvik. Utan denne vil det ikkje vera nok straum til ny batterifabrikk, og også prosjekt i hamna der ein er avhengig av energi vil stoppe opp. 

Han understrekar at prosjektet med å forsterka kraftnettet på Haugalandet med ei ny 420kV linje mellom Blåfalli i Kvinnherad kommune til Gismarvik i Tysvær kommune er vedteke, men at det no er ein omkamp under oppsegling. Han åtvarar mot at ein slik omkamp i verste fall potensielt kan koste regionen tusenvis av arbeidsplassar, som er heilt avhengige av straumen denne linja skal føre fram. 

Kva kan Vestlandet lære av Haugalandet?

Haugalandet er ein region der det no skjer utruleg mykje, og underteikna har merka seg at det verkar å vera ei stemning i desse miljø der «alle heiar på kvarandre og løftar kvarandre fram». I vår prat utfordra eg difor Gautesen på kva han tenker at Vestlandet som region kan lære av Haugalandet.

– Her som alle andre stader har vi nokre mindre stridigheiter, men ein har lukkast med å samle seg om dei store og viktige sakene. Det har vore svært viktig. 

Han peikar med anna på samarbeidet i Haugaland Næringspark, som er leia av Tiril Fjeld som vi tidlegare har snakka med i Vestlandsintervjuet, der fleire kommunar har samla seg og dermed kan gå inn for større prosjekt og satsingar. 

– Det same kan seiast om hamneselskapet, der ein har samla hamneaktiviteten i eit interkommunalt selskap og blitt samde om grep som har gjort det mogleg med utvikling. Det har opna opp både for å kunne samle hamneaktivitet og utvikle dette, og det har i tillegg opna opp for by- og samfunnsutvikling som følgje av at ein har flytta og samlokalisert hamna. 

I vår samtale utfordra vi han også på om det no rett og slett skjer så mykje på Haugalandet at det kan verta for mykje. Han innrømmer at tilgangen på folk bekymrar han.  

– Det er heilt klart at dette er ei utfordring som vi må greie å løyse for å lukkast. Vi er avhengig av å vera attraktive for folk frå regionen som ynskjer å flytte heim, men vi må også greie å få andre til å flytte til regionen – både frå andre stader i landet og frå utlandet. 

Han peiker på at det no vil vera behov for personar med ei større breidde av kompetanse enn kva som har vore tilfelle tidlegare, og at det difor vil vera behov for å jobbe på ein annan måte. Som eit ledd i dette trekker han fram høgskulen og fagskulane som svært viktige for å sikre nok kompetanse i regionen. 




Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Share This