Vestlandsintervjuet: Tove-Lise Torve

24 mars, 2022 | Nyhende

Vi har snakka med fylkesordførar i Møre og Romsdal, Tove-Lise Torve (Ap) om det regionale nivået si rolle som samfunnsutviklar, om samarbeid på Vestlandet og om eksport. Før Torve vart fylkesordførar har ho med anna vore ordførar i Sunndal kommune (2007-2009) og stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 2009-2013.

Vi har snakka med fylkesordførar i Møre og Romsdal, Tove-Lise Torve (Ap) om det regionale nivået si rolle som samfunnsutviklar, om samarbeid på Vestlandet og om eksport. Før Torve vart fylkesordførar har ho med anna vore ordførar i Sunndal kommune (2007-2009) og stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 2009-2013.  
 
Fylkeskommunen som samfunnsutviklar 
Eg er ein sterk tilhengar av det regionale nivået. At vi har sterke regionar, som eit viktig bindeledd mellom det kommunale og det statleg nivået, er ein heilt avgjerande faktor for å lukkast med utvikling og aktivitet i heile Noreg.  
 

Sjølv om ho meiner det er oppgåver som også kan overførast til det fylkeskommunale nivået (meir om det seinare), meiner ho det er viktigare at ein styrkar råmevilkåra og «musklane» som gjer det mogleg å utøve samfunnsutviklar rolla på ein enno betre måte.  
 
– Det handlar både om økonomi og om myndighet til å ta den rolla.  
 
Torve peikar på korleis det regionale nivået kan knyte saman ulike aktørar og vera eit bindeledd og ei positiv kraft som bidreg til utvikling. For å illustrere korleis Møre og Romsdal fylkeskommune utøver ei slik rolle trekk ho fram arbeidet rundt høgskuletilbod og utviklinga av campus i Kristiansund som eit døme.  
 
Vi har i fleire rundar forsøkt å få til eit tilbod og miljø for dette også i den nordlege delen av fylket vårt, utan at ein har heilt lukkast med dette. Difor har vi no teke initiativ til etableringa av Campus Kristiansund, der vi samlar ei rekkje miljø og aktørar.  
 
Les meir om Campus Kristiansund her. 

Eit anna døme som Torve trekk fram er arbeidet med ein heilt ny bydel i Ålesund, Sørsida, der fylkeskommunen bidreg med vedtak og planar for å lokalisere deira institusjonar i denne bydelen, og på den måten bidreg til at prosjektet kan realiserast.  

Fylkesordforar Tove Lise Torve © More og Romsdal fylkeskommune
Fylkesordførar Tove-Lise Torve Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Tydelege forventningar til regjeringa  
Vi må greie å løfte debatten om oppgåvene høgre opp på agendaen. Debatten om grenser tek all merksemda, frå det som ville kunne vore ein viktig debatt om korleis det regionale nivået kan bidra til vekst og utvikling i dei respektive regionane.
 
Torve er nøgd med innhaldet i Hurdalsplattforma på dette området, men er samstundes litt bekymra for at den rekkja med kriser som regjeringa no må handtera kan føre til at ein ikkje får gjort alt ein har ambisjonar om på dette området.  
 
Det som ligg her knytt til det regionale nivået er veldig bra, og eg har klare forventningar til at det vil skje mykje på dette området. Samstundes har eg forståing for at all krisehandteringa vil kunne føre til at ikkje alle ambisjonar vert nådde.  
 
For ei tid attende (2004-2009) var Møre og Romsdal med i ei forsøksordning med Einskapsfylke. Det var ein del av oppfølgjinga etter St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgaver for lokaldemokratiet – lokalt og regionalt nivå. Formålet med dette fylket var å hente inn erfaringar med alternative måtar å organisera oppgåvefordelinga og forvaltninga på. Forsøka med ein einskapsfylkemodell  gjekk kort forklart ut på at fylkeskommune sin administrasjon vert tettare integrert med fylkesmannembetet (no statsforvaltarembetet). 
 
Ein del av oppgåvene som i dag ligg til statsforvaltaren bør vurderast underlagt folkevalt styring, medan kontroll og tilsyn framleis bør liggje hjå statsforvaltaren. Erfaringane frå desse forsøka bør nyttast inn i debatten om kva oppgåver som kan leggjast til det regionale folkevalte organet.   
 
Les meir om forsøka med einskapsfylke her.  
 
«Trykket vert større enn kvar for oss»  
I løpet av 2021 vart det utarbeida og vedteke ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka i regi av Vestlandsrådet (Som Tove-Lise Torve leia i 2021). Målet med strategien er med anna å betre samordninga, styrke omstillingsevna og å gje Vestlandet ei sterkare felles stemme i viktige saker. Initiativ Vest har vore ein del av arbeidet med å utforme strategien. 

Strategien svarer etter mitt syn godt på dei største utfordringane for vestlandsregionen framover. Når strategien no er vedteken er vi i gong med å lyse ut stillingar og å få inn deltakarane i det næringspolitiske forumet. Det vil i seg sjølv gjeva ei langt større kraft til samarbeidet mellom vestlandfylka.  
 
Torve peikar på at ein gjennom den strukturen ein no etablerer i større grad vil kunne koordinere felles innsats på tvers av dei tre fylka. Ho peikar med anna på at ein kan møte nasjonale aktørar og prosessar i fellesskap, med anna gjennom å delta samla på høyringar i Stortinget mm. og at dette vil kunne skape eit større trykk bak viktige saker enn kva ein får til kvar for seg. 
 
– Det er avgjerande at vi lukkast med å bruke dette til å skape «enno større» kraft og momentum bak ting vil alt jobbar med i dei ulike fylka. Om vi kan leggje dette på «toppen av alt vi gjer no» i møte med nasjonale styrkesmakter er eg sikker på at det er noko vi alle vil tene på.  
 
Torve har også tankar om at byane langs vestlandskysten bør samarbeide meir, og i større grad kunne vore kopla på det arbeidet som no skjer på tvers av fylka. 
 
Eg trur absolutt det vil vera ein god ide at også dei store byane vert kopla tettare på dette arbeidet. Dei er viktige motorar i sine regionar. Vi har faktisk forsøkt dette, utan at vi har lukkast til no med å finne den gode forma på dette. Det bør vi ha fokus på framover, og det skal ikkje stå på viljen hjå Vestlandsrådet her.  
 
Eksportfylket Møre og Romsdal  
Møre og Romsdal har eit svært eksportretta næringsliv, og Noreg har dei seinare åra sakka litt akterut i den internasjonale konkurransen om eksport. Fordi eksport er så viktig for næringslivet i vår region har Møre og Romsdal fylkeskommune vedteke ein ambisiøse plan for langsiktig omstilling av næringslivet, Skaparkraft, der vi set av 15 millionar i året i 10 år.  
 
I satsinga Skaparkraft er det peika på fire hovudområder: 
– Grøne industrielle løft 
– Smart teknologi 
– Kompetanse   
– Energi  
 
Satsinga på omstillingsprogrammet Skaparkraft kjem som eit resultat av ei politisk bestilling. Les meir om satsinga her.  
 
Eksport er ei sak som er svært aktuell i desse dagar. Nyleg lanserte Støre-regjeringen, med næringsministar Jan Christian Vestre i spissen, deira satsing på eksport. Det overordna målet til regjeringa er å auke eksporten utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030.  
 
Ei anna nyhende som kom fram under denne lanseringa var at Eksportstrategirådet som i 2021 vart oppretta og lagt til Ålesund, med anna etter innsats frå Torve vert lagt ned. Ein vel heller å styrkje andre delar av verkemiddelapparatet.  
 
Verkemiddelapparatet, med Innovasjon Norge i spissen, har ei viktig rolle ovanfor næringslivet. Då er det på ein måte litt kunstig å skile mellom at denne delen av næringslivet driv med eksport, og denne driv ikkje med det. Mange av verksemdene produserer varer og tenestar både til nærmiljøet og til den «store vide verda».
 
Torve meiner difor det kan vera vel så smart å heller styrkje det allereie etablerte verkemiddelapparatet, og gjeva dette apparatet større musklar i regionane. Tett på dei maritime miljøa og andre eksportintensive delar av næringslivet.  

Når det er sagt er ho likevel rask med å påpeike at når den førre regjeringa valte å opprette eit nytt råd, så var ein raskt på ballen og arbeida for å få lagt dette tett på miljø i Ålesund.  

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Share This