Vestlandsintervjuet: Pål W. Lorentzen

20 desember, 2021 | Nyhende

– Vi treng «ein surdeig» som gjærar viktige prosessar framover

Interessa for samfunnsspørsmål har han hatt heilt frå barndommen, og det har følgt han gjennom heile livet. Den dag i dag er han framleis engasjert, med anna gjennom fleire styreverv, og han har tydeleg tankar om kva som skjer i samfunnet rundt han. Dei seinare åra har han med anna også vore heilt instrumentel i skipinga av Initiativ Vest. Vi har difor snakka med han om hans virke, og engasjement for Vestlandet.

Pål W. Lorentzen kom attende til Bergen ved årsskiftet 1970/1971 etter studiar i Oslo (eksamen i 1968), eit halvår i det dåverande Konkurransetilsynet, eit år som dommarfullmektig i Lofoten og eit halvt år studieopphald i London og Cambridge. Det siste han fekk høyra før han sette kursen frå Oslo mot Bergen var: «ikke glem at Bergen er og forblir en bakevje, Pål». Sidan han kom heim har han følgt samfunnsutviklinga på Vestlandet. Ikkje minst gjennom 50 år som advokat.

– I min familie snakka vi ofte om samfunnsspørsmål. Men det var i grunn ikkje så mykje politikk, sjølv om min far dreiv litt med lokalpolitikk og min farfar var ordførar i Bergen i to periodar. Interessa for kultur fekk eg ikkje minst frå mi mor, og denne har også følgt meg gjennom heile livet.

Attende i Bergen på 70-talet starta han opp som advokat i Greve, Greve og Greve (seinare Greve, Greve, Greve og Lorentzen og i dag ein del av det vi kjenner som Thommessen). Gjennom heile yrkeslivet har Pål gjennom sitt virke som advokat vore i kontakt med, og møtt samfunnet – på heile Vestlandet. Det førte til innsikt i viktige prosessar i samfunna, men også til ei rekkje møter med eit svært rikt persongalleri av vestledingar. Ordførarar, rådmenn, bedriftseigarar, handelsmenn, bønder og fiskarar. For å nemne nokre.

Når eg snakkar med Pål om hans samfunnsengasjement, og engasjement for Vestlandet er det heilt klart at livet som advokat og mang ei reise på Vestlandet har bidrege til å forme dette. Det har sett spor.

– Det skjedde alltid noko kring desse menneska, og dei var sentrale aktørar i den utviklinga som var på gong her i regionen. Dei hadde ei vilje og kraft, som var heilt enorm!

Når vi borar meir i hans tankar om dagens samfunnsengasjement i Noreg kjem han inn på partia si rolle i demokratiet i møtet med dei store utfordringane.

– Mitt syn er at det enkelte medlem av samfunnet er grunnstammen i demokratiet vårt. Eg har utvikla eit stadig meir kritisk blikk på partia si rolle, ikkje minst når vi veit at berre 2-3 % av befolkninga er aktive medlemmer av eit politisk parti. Eg trur det framover er grunn til å stille spørsmål ved om dei er eigna til å løyse dei store og komplekse utfordringane vi står ovanfor.

Pal fotonettsioe
Pål W. Lorentzen

Som høgsterettsadvokat har Lorentzen vore tett på mange av dei næringane som har forma Vestlandet sidan 70-talet. Eigedomsretten, oljen sitt inntog i Noreg og utviklinga innanfor oppdrett og offshorenæringa er sentrale stikkord i hans lange karriere.

Han fortel om ei rekkje historiske hendingar som har vore viktige for utviklinga i dei næringane vi no kjenner og ofte omtalar som våre fremste.

– Det er ofte her i fjæresteinane på Vestlandet det skjer fyrst, og mykje av det som skjedde handla om at ein turte å gå framføre og satse. Eg trur også mykje av det som skjedde på 70, 80 og 90 talet syner at det er nokre felles trekk ved vestlendingen sitt vesen som går att, og som har bidrege til utviklinga.

Når eg utfordrar han på om dette kanskje var ei heilt gyllen tid og at det vil vera vanskeleg å kunne sjå føre seg at noko liknande skal skje igjen er han tydeleg.

– Eg trur absolutt vi kan sjå noko liknande framover. Som ein del av det grøne skiftet skal mykje av det nye skje på skuldrane til det gamle. Langs heile kysten fins det no kompetanse og kunnskap som vil kunne skape nye eventyr. Og i tillegg: nokre av desse miljøa har også tilgang til naudsynt kapital. Som er ein føresetnad.

Samfunnsengasjement

I tillegg til sitt virke som advokat har Lorentzen hatt ei lang rekkje verv og roller som har bidrege til utviklinga på Vestlandet. I denne samanhengen er det naturleg å trekke fram dei ulike rollane i kulturlivet i Bergen, Fjord 1 og sist, men ikkje minst perioden som styreleiar i Sparebanken Vest.

– Det er mi klare meining at vi ikkje i tilstrekkeleg grad har klart å samle oss om det potensialet som ligg i denne regionen. Etter mitt syn må politikarane i Bergen og Hordaland ta eit særskilt ansvar for dette. Dei burde sett at dei var tent med dette, og dermed jobba meir for det.

Han peikar vidare på at vi i åra framover er tent med å samle oss meir i regionen, for å utløyse dei moglegheitene ein til no ikkje har klart å utløyse. Til det beste for vestlendingen.

«Vestlendingen sin bank»

Til det beste for vestlendingen er eit godt stikkord for å snakke meir om eit anna prosjekt der Pål har vore sentralt. I 2000 vart han bedt om å ta over som styreleiar i Sparebanken Vest, og også i denne rolla vart utviklinga av Vestlandet sentralt fram til han gav seg i 2008.

Prosessen rundt Sparebanken Vest si utmelding av Sparebank 1-gruppen vart ei viktig sak i mi tid som styreleiar. Dette var viktig for banken, men det gav også stor inspirasjon til krefter utanfor banken.

Etter denne prosessen tok banken – som uavhengig sparebank – ein meir offensiv posisjon på Vestlandet. Det førte med anna til ei rekkje konferansar, der målet var å kartlegge folk sin oppfatning av kva banken skulle ha slags rolle framover. Det fyrste møtet sette spor:

Det var på ein måte ein «halleluja-stemning» på dette møtet. Her møtte det folk frå heile Vestlandet. Det var austevollingar og folk frå dei ytste skjær, og det kom folk frå Øvre Årdal til Øvre Kalfaret. Konklusjonen var tydeleg: Sparebanken Vest skulle vera vestlendingen sin bank.

Det var også semje blant dei som hadde interesser i dette om at denne typen møter måtte halde fram. Slik vart det. Og etter litt fram og attende er desse møta i dag vortne til Vestlandskonferansen, som Sparebanken Vest arrangerer kvart år.

Men, også ei rekkje andre møter og konferansar i dette tidsrommet kom etter initiativ frå banken og med Pål som ei viktig drivkraft. Eit døme på dette er Grunnlovskonferansen i Bergen i 2005.

Dette var litt av eit arrangement, og det vakte  merksemd og interesse at ein bank tok på seg å arrangere ein slik konferanse. Mest av alt hugsar eg oppsummeringa av dagen, utført med den tindrande klare røysta til Harald Stanghelle. Eg trur alle som var der vil hugse den augneblinken.

Stortinget sitt Menneskerettsutval var nedsett nokre år etter dette på initiativ frå då avgåtte Thorbjørn Jagland, og utvalet var leia av no avdøde Inge Lønning. Lorentzen var utnemnt som medlem av utvalet og arbeidet i dette utvalet var eit bidrag inn i dei seinare endringane av grunnlova i 2014. Dei mest omfattande endringane i grunnlova sidan 1814.

Tankesmiene sin far

Våren 2006 dukka det opp eit brev på Pål sitt skrivebord i Bergen. Det var frå Bill Clinton, den 42 presidenten i USA, og brevet var ein invitasjon til å møte i hans nettverk den hausten. Sjølv om han var noko skeptisk til å reise over let han seg overtale av kona, som vart med. Ikkje minst gjorde eit foredrag om klimanedringane frå Al Gore sterkt inntrykk, og inntrykka vart med attende til Bergen i bagasjen.

– Eg lufta ovanfor Sparebanken Vest om ein ikkje burde engasjere seg i kampen mot klimanedringane. Norsk Klimastiftelse vart seinare skipa i 2010 gjennom eit løft gjort av ei rekkje aktørar. 

Norsk Klimastiftelse har blitt ein suksess, og er no ei viktig røyst i klimadebatten og debattane kring det grøne skiftet i Noreg – eit omgrep det faktisk var dei som lanserte.

Men, det var ikkje nok med ei tankesmie? Du måtte stifte ei ny?

Eg trur det er viktig at vi får på plass miljø som arbeider med å samle kreftene på Vestlandet, og som arbeider med spørsmål og tematikker knytt til grunnstrukturane i samfunnet vårt. Det er ein viktig bakgrunn for skipinga av Initiativ Vest.

Kan du sei litt meir om kva du meiner med det?

– Samfunnsutviklinga i dag er lite føreseieleg, og samfunnet vårt er på ein del områder meir sårbart enn vi trur. Vi står ovanfor store oppgåver, og det må seiast at det er ein del som «kan gå skeis» framover.

– Det å mobilisere Vestlandet, det å påverke samfunnsutviklinga i ynskja retning slik at Vestlandet kan gripe dei store moglegheitene og løyse dei store utfordringane er etter mitt syn svært viktig i dette landsskapet.

Kva bør etter ditt syn vera Initiativ Vest si rolle framover?

Når eg ser på samfunnsutviklinga dei seinare åra, og på korleis denne vil vera framover er det i mitt hovud behov for eit miljø som kan fungere som «ein surdeig» som gjærar viktige tankar og prosessar framover. Der meiner eg Initiativ Vest kan spele ei nøkkelrolle.

Dette intervjuet er basert på ein samtale mellom Pål W. Lorentzen og dagleg leiar i Initiativ Vest Tommy Aarethun.

Tommy Aarethun

Dagleg leiar
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Kopla hav og samfunn under The North West i Ålesund

Kopla hav og samfunn under The North West i Ålesund

Balansen mellom bruk og vern, og behovet for å i større grad kople hav og samfunn var tema når vi i Initiativ Vest denne veka hadde ansvar for ein havbolk under konferansen The North West i Ålesund. Konferansen The North West går av stabelen i Ålesund...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This