Vi bør snakke meir om havet her heime også!

5 november, 2021 | Kommentarar

Copy of Danske tilstandar blogg

Det er bra at Noreg er tungt involvert på den internasjonale arenaen når det gjeld havspørsmål og havpolitikk, men vi må ikkje gløyme heimebøen vår. 

For mange samfunn, på Vestlandet og langs heile norskekysten, har havet til alle tider vore heilt sentralt. Som ferdsleåre. Som matkammer og etter kvart som kjelde til energi og rikdom. At havet er viktig for Noreg er også noko den nye regjeringa er klare på. 

– Norge er en stor havnasjon. Vi forvalter havområder som er seks til syv ganger større enn vårt eget landområde, og som vil gi viktige inntekter, arbeidsplasser og muligheter i årene som kommer. Regjeringen har store ambisjoner for havet, sier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Kjelde: Regjeringen.no 

I dag er verdshava under press, og mykje av dette handlar om at dei har vorte nytta og forvalta på ein måte som ikkje har vore berekraftig. Samstundes veit vi at havet sit på ei rekkje av nøklane til utfordringar verda står ovanfor i åra som kjem. Også no er mat, energi, og transport sentrale stikkord. Difor er det viktig med ei heilskapleg og berekraftig forvaltning av verdshava.  

Under Klimatoppmøtet i Glasgow denne veka vart det klart at Jonas Gahr Støre overtek leiarskapet i Det internasjonale høgnivåpanelet for ein berekraftig havøkonomi (ekstern lenke), etter sin forgjengar Erna Solberg som var blant initiativtakarane. Noreg har store interesser i kva som skjer internasjonalt knytt til hava, og difor er det både naturleg og bra at Noreg er tungt engasjert i det internasjonale arbeidet for ei meir berekraftig utvikling av verdshava. Internasjonale avtalar og føringar for verdshava vil potensielt ha store konsekvensar for utviklinga av det norske samfunnet, ikkje minst kystsamfunna som er tett kopla opp til det som skjer i og kring havet. 

Likevel kan ikkje hav berre vera noko som ein snakkar om i Brussel og i New York. Eg meiner det er både rart og uheldig at ikkje hav og havspørsmål har ein større plass i den politiske debatten i Noreg. Interessa for dei ressursane som fins i og kring havet vil berre auke i åra som kjem. Det vil bli kamp om mange av desse, og det vil verta drakampar mellom ulike interesser. Til dømes mellom dei som skal utvikle havvind og dei som skal fiske i dei same områda. 

Nasjonale grep

Eg trur det er uheldig om det vert slik at hav og havpolitikk i stor grad berre er noko Noreg driv med på den internasjonale arenaen. Ei sterkare kopling mellom den internasjonale og nasjonale debatten kring dette ville også ha kunne bidrege til ei betre og breiare forankring av det som skal skje framover. 

Den nye regjeringa har alt teke nokre grep knytt til hav, blant anna gjennom å samle meir aktivitet og oppgåver knytt til havet hjå fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Det handlar med anna om kystforvaltning, maritim politikk, grøn skipsfart og koordineringa av det nasjonale havarbeidet (ekstern lenke).

I Hurdalsplattforma (ekstern lenke) varslar den nye regjeringa også at dei skal «sørge for god sameksistens mellom de ulike havnæringen, blant annet ved å utarbeide næringsplaner for Nordsjøen, Barentshavet og Norskehavet». Det er klokt. Samstundes er det ein gylden anledning til å sparke nytt liv i havdebatten her på heimebøen!

Tommy Aarethun
Dagleg leiar 
Initiativ Vest 

Andre innlegg

I kva komite skal vestlendingane sitje?

I kva komite skal vestlendingane sitje?

Denne veka vart det klart kva komitear stortingsrepresentantane for 2021-2025 skal sitja i. Nokre av dei som også sat på Stortinget i førre periode tek ein ny runde i same komite, medan andre får nye oppgåver etter dette valet. Vi i Initiativ Vest har sett på...

Kva betyr valet for Vestlandet i tal?

Kva betyr valet for Vestlandet i tal?

Etter stortingsvalet 13. september er det klart at Noreg vil få ei ny regjering leia av Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet. Men kven skal representere Vestlandet på Stortinget dei neste fire åra?Dei fire valkrinsane på Vestlandet utgjer samla 42 mandat. Hordaland...

Kva vestlandspolitikarar vil du ha?

Kva vestlandspolitikarar vil du ha?

Korleis vil du at Vestlandet skal sjå ut? Kva er dei viktige sakene for deg når du røystar? Det er tida for å spørja seg sjølv om det no. Det er tida for å spørja politikarane om dei har svar på dei vanskelege spørsmåla dine. For det er no dei reiser rundt, med bilar,...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This