Vi lanserer ny nettside!

22 november, 2021 | Nyhende

Skjermbilde 2021 11 22 kl. 12.27.12

Initiativ Vest lanserer no våre nye nettsider. Målet er at det skal verte ein plattform som innbyr til samhandling, og til engasjement for samfunnsutviklinga på Vestlandet. 

– Vi er veldig glade for å no ha fått på plass ei ny og modernisert nettside! Den nye sida vil gi oss ein ny giv, og eg vil nytte høve til å takke Bølgen Media frå Sandnes for eit godt samarbeid, seier konstituert dagleg leiar i Initiativ Vest Tommy Aarethun

Eit av måla med skipinga av Initiativ Vest er at vi skal bidra til å synleggjera moglegheiter og utfordringar i regionen, og bidra til ordskiftet på Vestlandet og i Noreg gjennom formidling av kunnskap, meiningar og framlegg som bidreg til den utviklinga vi ynskjer.

– Initiativ Vest skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet. Gjennom dei nye nettsidene er målet å skape ein arena der samfunnsengasjerte vestlendingar kan hente informasjon, halde seg oppdatert på ting som skjer, og bidra i diskusjonar om viktige saker, seier Aarethun

Initiativ Vest skal vera ein møtestad der samfunnsengasjerte menneske kan møtast, og der ulike meiningar og perspektiv frå samfunns- og næringsliv, politikk, forvaltning og akademia vert løfta fram og utvikla.

– Nettsida vil vera ein kjerne i vårt arbeid, og her vil ein både kunne hente informasjon og la seg inspirere og engasjere av ulike meiningar og perspektiv. Vi vonar samfunnsengasjerte vestlendingar også vil bidra til å fylle plattforma med innhald framover, avsluttar Aarethun

Andre innlegg

– Det er heilt avgjerande at vi samlar kreftene framover

– Det er heilt avgjerande at vi samlar kreftene framover

Vestlandsrådet vedtok i haust ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka som skal nyttast som eit grunnlag for arbeidet med den store omstillinga som Vestlandet står ovanfor. Initiativ Vest har vore med i arbeidet.Etter ein ganske omfattande prosess vedtok...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This