Vi treng ein betre og breiare energidebatt i Noreg

6 juli, 2021 | Innlegg

Det er mykje godt i den nye stortingsmeldinga Energi til arbeid som kom frå regjeringa 11. juni. Om Noreg skal lukkast som energinasjon framover held det derimot ikkje at Tina Bru (H) og Espen Barth Eide (Ap) er samde. Vi treng ein betre og breiare energidebatt.   11. juni kom Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra […]
Kraftartikkel

Det er mykje godt i den nye stortingsmeldinga Energi til arbeid som kom frå regjeringa 11. juni. Om Noreg skal lukkast som energinasjon framover held det derimot ikkje at Tina Bru (H) og Espen Barth Eide (Ap) er samde. Vi treng ein betre og breiare energidebatt.  

11. juni kom Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurserMange har venta på denne meldinga og hatt store forventningar til kva ei melding som denne ville levere på. Basert på reaksjonane til no (både frå opposisjonen i Stortinget og andre) tyder mykje på at regjeringa har treft på ei rekkje områder. Kritikken har på si side for det meste dreia seg om det som går på oljepolitikken og i kva grad rapporten Net Zero by 2050 som nyleg vart lagt fram frå Det Internasjonale Energibyrået (IEA) i tilstrekkeleg grad er innarbeida i meldinga. Etter nokre dagar med debatt og reaksjonar har debatten kring meldinga no roa seg ned. Det er på sett og vis naturleg gitt ferieavvikling, men det er viktig at debatten kring dei substansielle delane av dette held fram over sumaren og som ein del av valkampen.  

Sidan denne stortingsmeldinga kjem like før stortingsvalet har det også vore knytt spaning til den vidare handsaminga i Stortinget. Fleire har lurt på om meldinga berre ville verta skrota og lagt i ei skuff dersom det skulle gå mot eit regjeringsskifte til hausten slik fleirtalet av målingane tyder på? Også på dette punktet ser regjeringa ut til å ha treft, noko med anna uttaler frå energipolitisk talsperson i Arbeiderpartiet Espen Barth Eide kan tyde på. – Det mye her som er genuint bra. Om det går som målingene viser, er det mye her vi kan ta videre. Det er gjort et grunnarbeid her som vil gjelde uansett regjering, sa han til Aftenposten like etter framlegginga av stortingsmeldinga. Det lovar godt for den vidare handsaminga av det som er ei særs viktig melding og eit felles kunnskapsgrunnlag for Noreg sitt møte med det grøne skiftet. For dersom Noreg skal lukkast med å utløysa det potensialet som ligg i overgangen til det grøne skiftet er det bra at dei to store styringspartia i norsk politikk, Høgre og Arbeidarpartiet, er samde om dei store linjene. Slik dei har vore om andre viktige politiske spørsmål i Noreg tidlegare. 

Mange meiner no at tida for store vindkraftutbyggingar på land (som har vore det mest polariserte dei siste åra innanfor dette feltet) er forbi, og det er nok riktig. Likevel syner ulike scenario for framtidig kraftbehov, med anna frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og i NHO og LO sin industripolitiske plattform at det vil vera behov både for produksjon av meir fornybar kraft i Noreg i åra som kjem og utbygging av nettkapasitet for transport av kraft internt i og på tvers av regionar. 

Både utbygging av kraftproduksjon og nett for flytting av kraft har tidlegare vore svært konfliktfylte og fleire omsyn må balanserast i desse prosessane. Noko motstand vil det heilt naturleg alltid vera mot denne type utbyggingar, men ein del av motstanden kjem også truleg av dårlege prosessar og steile frontar mellom ulike interesser som ikkje snakkar godt saman. Det fyrste er vanskeleg å gjere noko med, det siste bør alle tilstrebe å finne gode løysingar på. Skal ein lukkast med å sikra gode prosessar kring dette framover, som vil vera avgjerande for å lukkast med å balansera dei ulike omsyna på ein god og berekraftig måte er det ikkje nok at Tina Bru og Espen Barth Eide er samde. Difor bør dei, saman med andre politikarar, ekspertar og interessentar på dette feltet bør bidra til å skape ein breiare og betre debatt kring energipolitiske spørsmål framover. Det vil alle vera tent med.

Ei kort og overforenkla analyse av energidebatt ser gjerne slik ut: Ekspertar og politikarar drøftar desse spørsmåla ved hjelp av fagterminologiar og stammespråk på Dagsnytt 18, på sektorspesifikke medieflater og i meir eller mindre lukka forum seg i mellom. Ein store del av befolkninga bryr seg ikkje veldig om desse tinga, utover kanskje på kalde vinterdagar når straumrekninga er høg og då drøftar dei det gjerne rundt lunsjbordet på jobb eller i familieselskap. Så har du ei gruppe som drøftar desse spørsmåla kontinuerleg i kommentarfelta til avisene og i sosiale medier. Her føregår ofte debatten i form av overskrifter, i spissformulerte vendingar og gjerne kring enkeltprosjekt. Summen av dette er ein særs polarisert energidebatt, som eg trur vil vera til hinder om Noreg skal lukkast med å balansere viktige omsyn og interesser i møtet med potensialet som ligg i overgangen til det grøne skiftet. 

Stortingsmeldinga som kom 11. juni er eit viktig bidrag til å ta Noreg vidare på vegen inn i det grøne skiftet. Eit anna viktig bidrag til vera å byggja bruer mellom dei ulike energidebattane eg nemner ovanfor. Til havs set ein no ned eit samarbeidsforum som skal bidra til at ein ikkje gjer dei same tabbane kring utbygging av havvind som ein gjorde på land. Det er eit klokt grep frå regjeringa trur eg, og kanskje er dette tankar som også kan tene som modell for andre prosessar som vi veit vil bli naudsynte på dette feltet i åra som kjem? 

Ein bør forske på og utforske innovative metodar for å inkludere ulike grupper av befolkninga i prosessar og avgjersler. Ein bør vidare streve etter å løfte debattane ut av sektorspesifikke flater og ein bør arbeide systematisk med å fremje kunnskap om dei sentrale delane av denne debatten for å ha eit felles kunnskapsgrunnlag å drøfte desse tinga basert på. 

For det hjelp lite om ekspertane og toppolitikarane er samde, dersom folket er rasande. 

Tommy Aarethun
Administrasjons- og kommunikasjonssjef 
Initiativ Vest 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This