Webinar: Vestlandet og det grøne skiftet!

Initiativ Vest og NORCE inviterer saman til eit webinar om Vestlandet og det grøne skiftet. Her vil du få vite meir om kva som skjer innanfor det grøne skiftet i dei tre vestlandsfylka og om kva som kan og bør vera Vestlandet si rolle i det grøne skiftet framover. 

I fyrste del av webinaret møter du forskingsleiar Sarah Eileen Gasda frå NORCE og ein representant frå næringslivet på Vestlandet. I andre del møter du dei tre fylkesordførarane – Marianne Chesak (Rogaland), Jon Askeland (Vestland) og Tove-Lise Torve (Møre og Romsdal) – i ein samtale om moglegheiter og utfordringar for Vestlandet i det grøne skiftet.

Webinaret er moderert av dagleg leiar i Initiativ Vest Ole Rasmus Øvretveit.

2 responses to “Webinar: Vestlandet og det grøne skiftet!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *