Fyrste samling for Vestlandsakademiet

16 september, 2021 | Nyhende

I kveld arrangerte vi den fyrste av seks samlingar for det fyrste kullet i Vestlandsakademiet. Målsetjinga er at deltakarane skal få kunnskap om og innsikt i viktige saker og tematikkar for Vestlandet.  Vestlandsakademiet er eit samlingsbasert akademi som vil ha seks samlingar (tre i haust og tre til våren). Her skal unge vestlendingar få tileigna […]
Skjermbilde 2021 09 16 kl. 20.08.00

I kveld arrangerte vi den fyrste av seks samlingar for det fyrste kullet i Vestlandsakademiet. Målsetjinga er at deltakarane skal få kunnskap om og innsikt i viktige saker og tematikkar for Vestlandet. 

Vestlandsakademiet er eit samlingsbasert akademi som vil ha seks samlingar (tre i haust og tre til våren). Her skal unge vestlendingar få tileigna seg ny kunnskap om viktige saker, og dei skal få drøfta korleis Vestlandet kan utviklast framover. 

– Initiativ Vest skal arbeide med og vera opptekne av langsiktige saker og spørsmål som er viktige for Vestlandet, og då er det heilt naturleg å samle unge vestlendingar. Det er dei som er framtida, seier styreleiar i Initiativ Vest Geir Inge Lunde 

Fokus på sentrale vestlandstema

I Vestlandsakademiet vil ein setja fokus på tematikkar som vil vera viktig for utviklinga av Vestlandet framover. Fokuset vert på det grøne skiftet, havet si tyding for Vestlandet, nasjonale og regionale maktstrukturar og utviklinga av Vestlandet som region. 

– Desse tematikkane er heilt i kjerna av kva som er viktig i dag og kva som vert viktig for Vestlandet framover. Difor ynskjer vi å gjeva deltakarane kunnskap om og leggja til rette for at dei frå drøfta desse tematikkane, seier Tommy Aarethun som er kommunikasjonssjef i Initiativ Vest og prosjektleiar for Vestlandsakademiet. 

Vestlandsrøyster 

I tillegg til dei nemnte tematikkane vil den eine samlinga vera meir praktisk, for å bidra til å løfta fram fleire vestlandsrøyster. 

– Regionen treng fleire unge stemmer som bidreg i samfunnsdebatten. Vi vonar at dei som deltek i Vestlandsakademiet vil verta inspirerte til å bidra aktivt i samfunnsdebatten – både nasjonalt, regionalt og lokalt framover, seier Aarethun 

I det fyrste kullet av Vestlandsakademiet deltek:

– Gjermund Kvernmo Langset, Ålesund
– Jonas Økland, Oslo/Bømlo
– Torstein Fjelltveit Skagseth, Bergen
– Emilie Flønes, Bergen
– Eirin Aardal, Sunnfjord
– Hanne Vamråk Solheim, Bergen
– Andreas Nystøl, Ålesund
– Even Bønes, Bergen
– Sarah-Stephanie Skjoldevik, Haugesund
– Steinar Litland, Bergen
– Jakob Mannes, Bergen
– Hanne Haugland Nesbø, Oslo/Bergen
– Thomas Vestbø, Sandeid
– Kennet Nordpoll, Ålesund

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This